Montasje møbel reiseliv håndverker varehandel foto marius ogne 22
TRENG FLEIRE FOLK: Rozan Arrat (t.v.) og Richard Hasund (nr. 3 f.v.) jobbar med møbel og betong. Beggenr bransjar treng fleire folk, saman med mellom anna reiseliv og varehandel. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug er to representantar for yrker
Nytt

Tidenes sjanse for innpass i arbeidslivet

Draumen om fast jobb er innan rekkevidde for fleire. Men då må mange nok bedrifter tenke nytt.

Marius Rosbach
05.06.2022

ANALYSE:

Medan pandemien har ebba ut i norsk arbeidsliv, har behovet for arbeidskraft skote i veret. Kampen om å få tak på dei rette folka er tøffare enn på lenge.

Årsaka er at dei fleste bedrifter opplever gode tider med vekst og utsikter til å skape fleire arbeidsplassar. Det står att å sjå kor mykje problema bremser veksten og svekker resultata.

Utviklinga for Nordvestlandet kjem på toppen av utfordringar med ei aldrandre befolkning og at mange unge reiser flytter til meir sentrale strøk.

Fredag kom nye tal frå NAV som viser at situasjonen ikkje blir betre med det første. Arbeidsløysa er no nede på 1,5 prosent i Møre og Romsdal, det lågaste sidan 2008.

Sett frå arbeidstakarsida har situasjonen uansett positive sider ved seg. Den heite arbeidsmarknaden pressar lønene oppover og gjer at fleire kan søke nye utfordringar.

Fleire bedrifter er også villige til å ta inn folk utan erfaring og difor kan fleire unge få eit unikt springbrett inn i arbeidslivet med årets sommarjobb.

NAV-direktør Stein Veland er ikkje i tvil om at ungdom som er nysgjerrige på ein bransje eller eit yrke, no bør benytte sjansen til å kontakte verksemder for å høyre om mulegheitene.

Han påpeiker at sommarjobb for unge ikkje berre gir løn til ungdomen og arbeidskraft til bedrifta.

– Kanskje det viktigaste på sikt er å avklare framtidige yrkesval for dei unge. Mange kan ha opplevingar om at bransjen kanskje ikkje var som dei hadde tenkt, fortel han til NETT NO.

Mange opplever det også som meiningsfylt å sjå at jobben dei gjer, faktisk er viktig for ei lokal fiskeforedlingsbdrift, eller møbelfabrikk.

Då NETT NO gjorde intervju til fjorårets magasin om rekruttering, peika kontrolleiar Astrid Velle i Ulstein Betong på at mange unge ikkje blir får vite kva som skjer i lokale bedrifter.

Korleis kan fleire utvikle interesse for å velje eit yrke eller bransje, om dei ikkje blir eksponert for dei, spurte ho. Med andre ord kan ein del bedrifter starte med å presentere seg.

Det finst også fleire moglegheiter. Ein mulegheit er å senke krava til kompetanse. NAV-direktøren fortel at fleire bedrifter no rekrutterer folk utan erfaring, som dei lærer opp sjølve.

Ekornes er truleg mellom dei som har gått mest grundig til verks. Møbelkonsernet utvikla eit eige program i samarbeid med NAV og flyktningetenesta. Undervegs har dei vore nøydt til å tenke nytt både om kvalifikasjonar og opplæring.

Produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr kunne endog fortelje at ein person som verken kunne lese, eller skrive, fekk fast jobb etter å ha gått gjennom ei spesialtilpassa opplæring.

Unge vaksne som står utanfor arbeidslivet har fått mykje merksemd dei siste åra. NAV i Møre og Romsdal retta spesiell merksemd mot denne gruppa under pandemien og kunne i vår melde at dei hadde fått fleire i denne gruppa ut i jobb.

Ein anna mulegheit for bedrifter med behov for fleire folk, er å rekruttere meir aktivt mellom dei som har behov for ein tilrettelagt arbeidskvardag.

Avdelingsleiar Kristi Gaudestad i Furene såg ikkje vekk frå at etterspørselen etter arbeidskraft hadde «smitta» over til deira verksemd som arbeids- og inkluderingsbedrift, då ho nyleg vart intervjua av NETT NO. Dei har aldri tidlegare fått fleire i jobb, eller utdanning enn no.

Ho var uansett ikkje i tvil om at utfordringane, burde føre til ei endring i korleis arbeidsgivarane tenker om rekruttering.

Metoden Inkluderande Arbeidsdesign – som Furene vil ta i bruk - kan vere ei løysing for nokre. Det går mellom anna ut på at andre tilsette overtar arbeid faglærte utfører i dag, slik at dei kan nytte tida på andre oppgåver.

Ei spørjeundersøking i samband med Bedriftsundersøkelsen 2022 frå NAV i Møre og Romsdal, viste at fleire bedrifter enn før vil vurdere å rekruttere personar med behov for tilrettelegging, eller hol i CV-en.

Likevel svarar framleis seks av ti bedrifter at dei ikkje ville gjere det. Med andre ord, er det framleis ein del å gå på.

Publisert: 05.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 05.06.2022 01:34

Mer om