Kort fortalt

Nye turistfiskereglar på høyring

Vil doble turistfiskekvoten.

28.09.2016
ID: 12969789
(NPK): Nærings- og fiskeridepartementet har sendt eit forslag om nye reglar for turistfiske ut på høyring.
I framlegget forslår fiskeriminister Per Sandberg (Frp) å doble turistfiskekvoten, men vil samtidig innføre ei enkel registrerings- og rapporteringsordning for bedriftene i næringa.
Utførselskvoten blir foreslått auka frå 15 til 30 kilo per døgn for turistar som har fiska ved ei registrert bedrift, skriv .
– Eg meiner det er viktig å betre oversikta over kor mykje turistane samla sett fiskar av dei felles fiskeressursane våre. Derfor foreslår vi ei registreringsplikt for bedrifter og plikt til å rapportere fangsten gjestane tar, seier statssekretær Ronny Berg, som presenterte framlegget på ei seminar om fisketurisme på Leknes i Lofoten onsdag.
Registreringsordninga er ikkje meint å gjelde privatpersonar som leiger ut båt, men rettar seg mot bedrifter som har minst to utleigebåtar eller minst eitt større fartøy som tar turistar med på fiske. (©NPK)

Publisert: 28.09.2016 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44