Kort fortalt

Nye Ålesund inn i nye lokale

Flyttar inn i Kremmergaarden.

21.02.2018
Prosjektorganisasjonen som bygger den nye kommunen, flyttar inn på gateplan i Kremmergaarden i Ålesund sentrum.
Prosjektkontoret flyttar til butikkområdet av Kremmergaarden i området rett overfor kafeen i den austre delen, med vindauge mot Korsegata, vert det opplyst i ei pressemelding.
- Vi har eit ønske om å vere synlege og tilgjengelege for folk flest, seier prosjektleiar Astrid Eidsvik om kvifor prosjektkontoret flyttar.
- Det skal vere mogleg å komme inn til oss og stille spørsmål, når vi er til stade og tilgjengelege. I tillegg treng vi større plass enn vi har no, når fleire blir flytta over til den nye kommunen, seier ho.
I dag held prosjektkontoret til i 3. etasje over biblioteket i lavblokka knytta til Ålesund rådhus.
Dei nye kontora på Kremmergaarden blir eit ope kontorlandskap med ni kontorplassar, eitt stort møterom og nokre mindre avlukke.
- Det at vi har møterom tilgjengeleg gjer at det blir lettare å invitere både eksterne og interne til å ha møte i eige kontor. Det kan vi ikkje der vi er no.
- Prosjektkontoret skal også vere tilgjengeleg for tilsette i alle kommunane i nye Ålesund, slik at dei kan finne ein kontorplass å jobbe frå når det er naudsynt, forklarer Eidsvik.

Publisert: 21.02.2018 09:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39