Aalesund Bilverksted opna dørene på Blindheim i fjor haust, og allereie no er dei klare til å opne ny avdeling på Håhjem i Skodje, ifølgje Sunnmørsposten.
– Vi har alltid hatt lyst til å starte ein ny verkstad, og då vi fekk tilbodet frå Ferda om å ta over lokala deira, såg vi det som ei flott moglegheit, seier dagleg leiar Hege Kristin Skuggen Andersen til avisa.
Den nye avdelinga skal tilby dei same tenestene som på Blindheim, og startar med tre mekanikarar.
Publisert: 07.10.2025 10:33
Sist oppdatert: 07.10.2025 10:33






