Kort fortalt

Nytt forslag til grunnrenteskatt på vindkraft

– Vertskommunane kjem betre ut, seier Støre.

06.10.2023

(NPK-NTB): I dag legg regjeringa fram eit justert lovforslag om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft frå 2024.

Forslaget skal sikre fellesskapen ein større del av verdiane i vindkraftnæringa, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa. Regjeringa foreslår ein effektiv skattesats på 35 prosent, og dette får verknad frå 1. januar 2024.

– Vertskommunane kjem betre ut. Staten vil den første tida berre ha marginale inntekter, mellom anna på grunn av romslege overgangsordningar for næringa, heiter det vidare.

– Det er ein lang og god tradisjon i Noreg at verdiar som blir skapte med dei felles ressursane våre, også kjem fellesskapen til gode. Det er ein tradisjon som har tent landet godt. Derfor meiner regjeringa det er rett å innføre ein grunnrenteskatt på landbasert vindkraft, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Publisert: 06.10.2023 09:22

Sist oppdatert: 06.10.2023 09:22

Mer om