Kort fortalt

Nytt håp for Trestakk

Utsett Statoil-felt kan bli bygd ut likevel.

13.01.2016
(NPK-NTB): Utbygginga av Trestakk-feltet i Norskehavet blir fleire milliardar kroner billegare enn antatt. Dermed går Statoil likevel vidare med prosjektet, som i fjor vart utsett på grunn av manglande lønsemd.
– Vi har utvikla billigare og smartare tekniske løysingar. Kombinert med at kostnadskurven i bransjen har snudd, har dette medført betydelege kostnadsreduksjonar for Trestakk, seier Torger Rød, direktør for prosjektutvikling i Statoil.
Saman med partnarane ExxonMobil og Eni har Statoil no valt konsept for utbygginga av Trestakk. Investeringsestimata er reduserte med 30 prosent, noko som forbetrar lønsemda betydeleg. No blir det lagt opp til eit investeringsvedtak i 2016. Etter planen skal feltet byggjast ut med fem havbotnbrønnar som blir knytte til produksjonsskipet Åsgard A.
Avgjerda om å gå vidare med Trestakk er i tråd med marknadsforventningane. Norges Banks pengepolitiske rapport frå desember i fjor legg til grunn at ei utbygging av Trestakk vil komme i gang i 2016.
Dei utvinnbare reservane på Trestakk er rekna til om lag 50 millionar fat olje og 2 milliardar kubikkmeter gass, noko som svarar til 75 millionar fat oljeekvivalentar.
Feltet ligg 25 kilometer sørvest for Smørbukk Sør i Norskehavet. (©NPK)

Publisert: 13.01.2016 14:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49