Kort fortalt

Nytt nei til pressestøtte

Avslag til NETT NO.

Marius Rosbach
11.11.2022

Medietilsynet har på nytt gitt avslag om pressestøtte til NETT NO, ifølgje ei melding frå tilsynet.

Avgjerda gjeld støtte, eller sokalla produksjonstilskot, for 2022. Grunngjevinga er at avisa ikkje har tilstrekkeleg tematisk bredde.

NETT NO fekk også avslag på pressestøtte for åra 2019, 2020 og 2021. Avgjerslene er påklaga og sakane for dei to siste åra, er framleis til behandling hos Medieklagenemnda.

Nemnda oppheva i fjor avslaget for 2019, og viste til at tilsynet kunne vurdere ein dispensasjon. Også den nye behandlinga i tilsynet konkluderte med avslag.

Publisert: 11.11.2022 16:23

Sist oppdatert: 11.11.2022 16:25

Mer om