Kort fortalt

Nytt prishopp på kraft

Redusert nordisk vindkraft.

17.07.2019
NPK: Kraftprisen i veke 28 gjekk opp med om lag 22 prosent frå veka før.
Prisen har gått opp med 22 prosent frå veke 27 til veke 28. Årsaka er mellom anna auka pris på kol, gass og utsleppskvotar for co₂, skriv NVE på sine.
Prisen for utslepp av Co₂ nådde det høgaste nivået sidan 2008 førre veke. Produksjonen av nordisk vindkraft gjekk samstundes ned, noko som òg bidrog til ein prisauke.

Publisert: 17.07.2019 15:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33