Webjorn Landmark Ishavsmuseet foto Marius 1
BRANDAL: Dagleg leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak hadde eit rekordår økonomisk i fjor, viser rekneskapen for 2025. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Nytt rekordår for Ishavsmuseet

Ekstra-løyving ligg bak godt resultat for Hareid-museet.

Marius Rosbach
12.03.2026

Ishavsmuseet Aarvak i Brandal hadde rekordhøge inntekter i fjor, viser årsrekneskapen for 2025. 

Omsetninga nådde nær 5,3 millionar kroner etter ein sesong der dei hadde rekordhøgt besøk mellom anna med auke frå cruiseturistar. Også lønnsemda var god med eit overskot før skatt på nær 900.000 kroner (sjå tabell under).

Ishavsmuseet Aarvak   
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt5,34,3
Driftsresultat10,3
Resultat før skatt0,90,2

Dagleg leiar Webjørn Landmark fortel til Vikebladet at inntekter og overskot har samanheng med kor mykje offentleg tilskot dei fekk. 

– Det er uvanleg med så stort overskot for oss. Forklaringa for fjoråret, er at vi fekk ei ekstra tildeling på ein million kroner i det reviderte statsbudsjettet. Det kom på toppen av den faste, årlege løyvinga på 1,14 millionar frå staten. Prosjektet knytt til ekstraløyvinga kom ikkje i gang før i september, så vi rakk ikkje å bruke opp pengane i 2025. Så den ekstra millionen utgjer omtrent heile overskotet, seier han til avisa. 

Selskapet er ein sjølveigande stifting og hadde fire årsverk i arbeid i fjor. Eigenkapitalen var på 4,2 millionar kroner ved utløpet av året, og den langsiktige gjelda på 1,5 millionar, viser årsmeldinga. 

Publisert: 12.03.2026 09:43

Sist oppdatert: 12.03.2026 11:21

Mer om