Kort fortalt

Nytt tap for vindkraftmotstandarar

Ville stanse utbygging på Haramsøya.

14.05.2021

(NPK-NTB): Vindkraftmotstandarane tapte rettssaka mot staten om å stanse utbygginga av åtte vindturbinar på Haramsfjellet utanfor Ålesund.

Møre og Romsdal tingrett slår fast at konsesjonen om å byggje åtte vindturbinar er gyldig, og at arbeidet dermed kan halde fram for fullt. I tillegg er vindkraftmotstandarane dømde til å betale nær ein million kroner i sakskostnader, melder NRK.

– Det er tryggjande å sjå at tingretten konkluderer slik tingretten og lagmannsretten tidlegare har gjort, og at konsesjonen er gyldig, seier Olav Rommetveit hos utbyggjaren Zephyr.

Delar av dei omstridde vindturbinane på Haramsfjellet kan allereie sjåast frå lang avstand, og innan kort tid blir dei 150 meter høge tårna sett opp.

Vindkraftkonsesjonen vart gitt i 2009, men det var først i 2019 at sjølve utbygginga vart sett i gang.

(©NPK)

Publisert: 14.05.2021 14:12

Sist oppdatert: 14.05.2021 14:14

Mer om