(NPK-NTB): Statoil nådde ikkje målet for nedbemanning i første omgang med sluttpakker, og oljegiganten går derfor i gang med ein ny runde.
Det bekreftar pressetalsmann Ola Anders Skauby i Statoil overfor .
– Vi har i dag gått ut med ei intern melding til nokre område i delar av organisasjonen, der vi tilbyr to frivillige verkemiddel i samband med nedbemanninga. Det er tidlegpensjon til alle som fyller 62 år innan utgangen av dette året og tilbod om sluttvederlag, seier Skauby.
Tilbodet går til tilsette innan teknologiområdet og utvikling og produksjon i Noreg, men det er ikkje kjent kor mange som er omfatta.
Statoil kunngjorde i midten av desember i fjor at dei har tilbode sluttpakke til alle tilsette, for første gong i selskapet. Fristen vart sett til 25. januar, og pressetalsmannen bekreftar at selskapet ikkje er i mål – utan at han ønskjer å seie kor mange som søkte i første runde.
Innan utgangen av 2016 skal Statoil redusere bemanninga med 1.100 til 1.500 tilsette. (©NPK)

Publisert: 09.03.2016 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47