Kort fortalt

Nær ekspressbusskollaps

Næringa ber om hjelp.

08.04.2020
NPK-NTB: Nettverket av ekspressbussar kan kollapse på grunn av svikt i talet på reisande etter at smitteverntiltaka vart innførte i mars. No ber næringa om hjelp.
I ei pressemelding onsdag morgon seier direktør Jon H. Stordrange i NHO Transport at talet på reisande med ekspressbussane har falle kraftig etter at smitteverntiltaka vart innført 12. mars. Han peikar på at bussnettverket utgjer samfunnsviktig infrastruktur og at han difor ber om hjelp frå styresmaktene for å halde oppe eit minimumstilbod.
Stordrange viser til at både togtransporten og flyselskapa har fått omfattande finansiell støtte. Ekspressbussane på si side får inga offentleg støtte.
– Overfor fly og tog har styresmaktene vore raskt på banen, og det skal dei ha ros for. Men for mange er det ikkje mogleg å ta fly eller tog dit dei skal, og også for desse må ein sørgje for at det blir halde oppe eit minimumstilbod. Ikkje alle har eigen bil, og for desse gruppene representerer ekspressbussane eit viktig tilbod, seier Stordrange som no har skrive eit brev til styresmaktene der det blir bede om støtte til næringa.
Ifølgje NHO Transport har togtrafikken fått 550 millionar kroner utover den statlege støtta dei elles får i krisehjelp på grunn av virusutbrotet.
For luftfartens del kjøper staten no 246 ekstra ruteflygingar per veke med store fly, og 96 ruteflygingar med mindre fly per veke, etter forhandlingar med NHO Luftfart.

Publisert: 08.04.2020 10:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28