Kort fortalt

Nærare kontantlaust Norge

Skattedirektøren positiv til nei til kontantar.

03.03.2016
(NPK-NTB): Skattedirektør Hans Christian Holte meiner verksemder i Noreg bør påleggjast å ta imot elektroniske pengar. Han opnar også for at verksemder bør kunne nekte å ta imot kontantar.
Skattedirektøren seier til NRK at det ikkje er fornuftig med ordninga i dag, der verksemder er pålagt å ta imot kontantar, men ikkje elektroniske pengar.
– Eg synest ut frå det oppdraget vi har, og ut frå omsynet til å overvinne svart økonomi, at det vil vere fornuftig å vurdere å heller stille krav til elektronisk betalingsformidling, seier Holte.
Han meiner verksemder også bør få lov til å la vere å ta imot kontantar.
– Kontanthandel mogleggjer svart økonomi på ein annan måte enn det å bruke bankkort, påpeikar han.
Finansminister Siv Jensen (Frp) er ikkje like open for å la bedrifter reservere seg mot kontantar.
– Den delen av befolkninga som i størst grad brukar kontantar er dei eldre. Å skulde dei for skattesvik og svart økonomi, vil ikkje eg gjere, seier Jensen til NRK. (©NPK)

Publisert: 03.03.2016 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47