Kort fortalt

Næringsdepartementet ut på reise

Tek pause frå kontoret ei veke i oktober.

25.07.2016
(NPK): I oktober tømmer næringsministeren og fiskeriministeren departementet for byråkratar. Alle tilsette skal ut på bedriftsbesøk.
Ei veke kvar haust sender Nærings- og fiskeridepartementet alle tilsette på bedriftsbesøk, og i år er emnet omstilling og utfordringar i norsk næringsliv.
For å reisa på bedriftsbesøk treng dei nokre bedrifter å besøkja, og departementet ber no bedrifter om å ta kontakt innan 1. september.

Publisert: 25.07.2016 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45