Kort fortalt

Olin får gjev filmpris

Ein av fire som blir heidra.

06.07.2022

(NPK-NTB): Filmskapar Margreth Olin frå Stranda er ein av fire som får Anders Jahres Kulturpris. Også Nils Gaup, Joachim Trier og Deeyah Khan vinn årets Anders Jahres Kulturpris på to millionar kroner.

Leiaren av prisutvalet, Åse Kleveland, seier dei fire har vore sentrale for den posisjonen norsk film har både nasjonalt og internasjonalt.

– Norsk film er inne i ein kjempeperiode. Kvar for seg representerer prisvinnarane i år ulike område innan filmkunsten, og gir derfor eit samla bilete av denne stordomsperioden. Norske filmar har fått ein sterk posisjon både internasjonalt og her heime hos det norske kinopublikummet, seier Kleveland.

Ho seier ønsket med tildelinga, som for første gong blir tildelt filmskaparar i sin heilskap, er både å anerkjenne bidraga kvartetten allereie har stått for – Trier og Gaup på spelefilm, heile vegen til Oscar-nominasjonar, medan Khan og Olin er premierte dokumentaristar.

– På den andre sida håpar vi at det er ein pris som motiverer, og at midlane som følgjer med prisen kan bidra til at desse visjonære regissørane får rom og høve til å gi oss fleire gripande filmopplevingar, seier Åse Kleveland.

Publisert: 06.07.2022 12:04

Sist oppdatert: 06.07.2022 12:07

Mer om