(NPK-NTB): – Aktiviteten i åra framover vil framleis vere høg, trass nedgangen sidan 2014, seier oljedirektør Bente Nyland.
Inntektene gjekk kraftig ned, men næringa bidreg framleis sterkt til å halde oppe velferdsnivået i landet, seier Nyland i si .
– Sjølv i eit krevjande år er det godt å sjå at olje- og gassnæringa framleis er den største i landet, med ein samla eksportverdi på godt over 400 milliardar kroner, seier ho.
– Det er også gledeleg å sjå at industrien legg ned eit betydeleg arbeid i å auke effektiviteten, noko som begynner å bli synleg i form av lågare kostnadar, fortset ho.
Ved utgangen av 2015 var 82 felt i drift, mot 51 for ti år sidan. Det illustrerer den enorme utbyggingsaktiviteten som har vore i dei siste åra. Det har aldri blitt bora fleire brønnar enn i 2015, når leitebrønnar tel med. 56 leitebrønnar vart påbegynt, og 11 funn vart gjort i Nordsjøen og 6 i Norskehavet. Men dei fleste funna var små, skriv Oljedirektoratet i ei pressemelding. (©NPK)

Publisert: 14.01.2016 10:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49