(NPK-NTB): Ein delegasjon frå Trollhättan i Sverige reiser til Noreg for å rekruttere arbeidsledige oljearbeidarar til byen.
Ifølgje treng National Electric Vehicle Sweden (NEVS) og fleire andre bedrifter i Trollhättan over 500 ingeniørar. NEVS kjøpte restane av konkursramma Saab i august 2012 for å satse på elbilar.
Det er også behov for andre yrkesgrupper, noko som kan vere vesentleg for arbeidssøkjande oljearbeidarar og deira familiar.
– Det finst og gode arbeidsmoglegheiter innan helse. Ein draumekombinasjon hadde vore ein som var utdanna ingeniør, og som var gift med ein lege eller sjukepleiar, seier Arne Arvidsson hos Arbetsförmedlingen i Trollhättan.
Byen med 50.000 innbyggjarar har i dag lågare arbeidsløyse enn då hjørnesteinsbedrifta Saab gjekk konkurs i 2011. No må dei ut og finne flinke folk, og onsdag og torsdag går friarferda til Stavanger og Sandvika.
– Vi skal vise dei alle dei gode moglegheitene som finst, og framfor alt moglegheita dei har til å utvikle seg som person i ein industri som har stort vekstpotensial, seier Arvidsson. (©NPK)

Publisert: 15.06.2016 11:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45