(NPK-NTB): Oljeinvesteringane vil neste år falle meir enn tidlegare varsla, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Anslaget er 18,2 prosent lågare enn i 2016.
Dei samla investeringane i olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning blir for 2017 berekna til 196,8 milliardar kroner, melder (SSB). Dette er 13,5 prosent lågare enn tilsvarande anslag for 2016, gitt i fjerde kvartal 2015.
Nedgangen i 2017 blir driven av at det er indikert eit tydeleg fall innan olje- og gassverksemd. Industrien bidreg også negativt, medan utsikter til store investeringar innanfor kraftforsyning bidreg til å dempe den samla nedgangen.
For olje- og gassverksemda åleine, inkludert røyrtransport, er investeringsanslaget på 146,6 milliardar kroner neste år. Det er heile 18,2 prosent lågare enn anslaget for 2016, som blei berekna i fjerde kvartal i 2015, og 3,6 prosent lågare enn talet oppgitt i førre kvartal. (©NPK)

Publisert: 23.11.2016 09:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43