(NPK-NTB): .Universitetet i Bergen vil ha svar på problemstillinga frå Den nasjonale forskingsetiske komité for naturvitskap og teknologi.
– Klimakrisa gjer forsking for å utvinne meir olje uetisk, meiner UiB-professor Peter M. Haugan.
Ifølgje Bergens Tidende har Universitetet i Bergen stilt spørsmålet om petroleumsforsking generelt. Derfor vil svaret frå komiteen, som skal vere klart i april, ifølgje komitéleiar og NTNU-professor Øyvind Mikkelsen bli retningsgivande for all petroleumsforsking her i landet. Konkluderer komiteen med at slik forsking er uetisk, vil det kunne få store konsekvensar for norsk oljeindustri.
– Vi har bedt komiteen vurdere dei ulike aspekta ved petroleumsforskinga. Det handlar om å ta vare på miljø og naturmangfald, men også om velferd: Vi veit at energi er viktig for velferda, ikkje minst i fattige land, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.
Forsking som direkte eller indirekte tener oljeindustrien blir i dag driven på dei fleste norske universitet, med hovudtyngda i Bergen, Trondheim og Stavanger. Forskinga er finansiert over universitetsbudsjetta, frå staten gjennom Forskingsrådet og av oljeselskapa.

Publisert: 30.01.2014 09:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22