Kort fortalt

Oljeinvesteringane fell

Oljeselskapa strammar meir inn.

24.08.2016
(NPK-NTB): Oljeselskapa strammar inn og investeringane i bransjen held fram fallet. Det viser tal Statistisk sentralbyrå (SSB) offentleggjorde onsdag.
Tala frå SSB er bransjens eigne anslag for kor mykje dei vil investere framover.
Investeringane for 2016 innanfor utvinning av olje og gass og røyrtransport blir no anslått til 163,5 milliardar kroner, som 1,5 prosent lågare enn i førre måling.
Anslaget for 2016 er 17,5 prosent lågare enn tilsvarande anslag for 2015, gitt i tredje kvartal i fjor.
Nedjusteringa kjem hovudsakleg innanfor feltutbyggingar, fjerningar og stengingar.
Sjefanalytikar Erik Bruce i Nordea Markets, synest ikkje tala er dramatiske.
– No reknar ein med eit fall i oljeinvesteringane på 8 prosent neste år, og 16 prosent i år. Det er litt på den svake sida, men det er ikkje ei dramatisk endring i synet på framtida, seier han til .
Han meiner det verste no ligg bak oss.
– Investeringane fell år for år meir i fjor og i år, enn det gjer neste år, seier Bruce.
Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank, strekar under at anslaget til SSB ikkje seier noko om talet på brønnar selskapa borer og den generelle aktiviteten på sokkelen. Han peiker òg på at bransjen er undervegs i ein kraftig kostnadsreduksjon.
– Tala viser ein nedgang på cirka 8 prosent. Om prisane òg har falle med 8– 10 prosent, så er aktiviteten er uendra. I så fall er det ikkje så gale, seier han til (©NPK)

Publisert: 24.08.2016 14:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44