(NPK-NTB): Talet på registrerte arbeidsledige med universitets- og høgskuleutdanning auka med 13 prosent frå november 2014 til november 2015.
Denne veksten kom på Sør- og Vestlandet og heng saman med nedgangen i oljerelaterte næringar – der utdanningsnivået blant dei sysselsette er relativt høgt, ifølge (SSB).
Auken er sterkast i Rogaland, der arbeidsløysa vart meir enn dobla blant personar med lang universitets- og høgskuleutdanning.
Talet på registrerte ledige i Noreg var i november i fjor 79.158 personar, ein auke på 11,5 prosent frå same månad året før. Auken er på 8.151 personar.
Alle andre fylke med unntak av Telemark, Sør-Trøndelag og Nordland hadde ein nedgang i arbeidsløysa samla sett. Dei fleste av desse fylka hadde også nedgang i den registrerte arbeidsløysa for dei med høgare utdanning. (©NPK)

Publisert: 19.01.2016 11:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49