Kort fortalt

Oljenedturen merkast på pungen

Ferske oljeingeniørar ikkje lenger lønnsvinnarar.

22.12.2016
(NPK-NTB): For første gong på 15 år tener ferske sivilingeniørar i oljenæringa mindre enn kollegaene andre stader i privat sektor.
Både ingeniørane i «olja» og elles i privat sektor tener mindre enn for eit år sidan, men nedgangen er størst for den førstnemnde gruppa, viser ei lønnsundersøking frå Tekna. Fagforeininga for realistar og teknologar med mastergrad ser på inntekta fem år etter avslutta utdanning, skriv .
Sidan 2002 og har sivilingeniørane i oljebransjen hatt eit lite forsprang på kollegaene. På det meste var «lønnsgapet» på rundt 5 prosent eller snautt 30.000 kroner i 2008. Men i 2016 er altså rollene omvendt, og det er oljesektoren som ligg under.
– Det handlar om kven som misser jobben og kvar ein går. Dersom vi ser på våre arbeidsledige medlemmer er det ei overvekt av dei som hadde siste eksamen for fem eller færre år sidan, seier Tekna-president Lise Lyngsnes Randeberg. Ho er kritisk til at dei dårlege tidene rammar dei unge hardast og meiner kompetanse bør vege tyngre enn ansiennitet ved nedbemanning.
– Det vil gjere at bedrifta får sett saman konkurransedyktige team, med erfarne folk og unge, ferske som tek med seg inn det nye dei har lært. Satsar ein for tungt på ansiennitet, risikerer ein å miste ein generasjon som ikkje ser noka framtid i bransjen.
(©NPK)

Publisert: 22.12.2016 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43