(NPK-NTB): Oljefondssjef Yngve Slyngstad ber Finansdepartementet om å få investere i vind- og solparkar.
Etter førespurnad frå finansminister Siv Jensen (Frp) om oljefondet bør investere i infrastruktur, skriv Slyngstad og visesentralbanksjef Jon Nicolaisen i Noregs Bank i eit brev at fondet er klart til å gå inn i ein nytt marknad, skriv
«Banken meiner det vil vere mogleg å gjennomføre investeringar i infrastruktur for fornybar energi med same krav til lønsemd som for andre investeringar» står det i brevet.
Kor mykje som bør investerast i slike grøne infrastrukturprosjekt, som vindmøller og solparkar, går ikkje fram av brevet. Men det blir foreslått at infrastrukturinvesteringar kan utgjere opptil 5 prosent av fondet.
Oljefondssjef Yngve Slyngstad var i førre veke på plass i Paris under klimaforhandlingane.
– Vi eig 1 prosent av verda – 10.000 bedrifter. Får du til ein berekraftig verdsøkonomi, er det openbert mykje meir lønsamt for oss på sikt. Desto meir ein får til av avtalar som tar ned risikoen, desto betre, uttalte Slyngstad då til Dagens Næringsliv. (©NPK)

Publisert: 15.12.2015 09:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49