Kort fortalt

Oljerally

Høgste oljepris sidan sommaren 2015.

27.12.2017
NPK-NTB: Oljeprisen klatrar i romjula til det høgste prisnivået på 2,5 år etter ein eksplosjon i ein oljerøyrleidning i Libya.
Onsdag morgon kostar eit fat nordsjøolje (brent spot) 66,67 dollar fatet, opp 1,91 prosent eller 1,25 dollar, skriv . Den amerikanske lettoljen kosta 59,71 dollar fatet, ned 0,10 prosent.
Årsaka ligg i ein eksplosjon i ein oljerøyrleidning i Libya, som har stoppa all transport frå Waha Oil til den viktige Es Sider-terminalen. Det betyr betydeleg lågare oljeproduksjon i Libya.
Dermed steig nordsjøoljen tysdag til over 67 dollar fatet for første gong sidan sommaren 2015 og den amerikanske lettoljen kosta over 60 dollar fatet for første gong på to år.

Publisert: 27.12.2017 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40