Kort fortalt

Oljesmurt - men tråare

Kvar tredje industribedrift i Sogn og Fjordane leverer varer eller tenester til petroleumsnæringa.

Ivar Myklebust Longvastøl
28.01.2014
Det viser ei undersøking blant totalt nesten 600 verksemder i fylket, nyleg presentert i Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane.
Industrien er fjordfylket er oljesmurt, men ikkje så kraftig som i Hordaland.
Medan 11 prosent av industribedriftene i Sogn og Fjordane får meir enn ein fjerdedel av omsetnaden sin frå oljenæringa, er tilsvarande tal for Hordaland 24 prosent.
- Noko av utfordringa for fylket er at der er mange små bedrifter med god kompetanse, men som er for små til å tene oljenæringa åleine, seier leiar for Statoil i Florø, Sigurd Øistein Døsen i ei pressemelding frå Næringsbarometeret.
Oljenæringa vil gjerne ha store rammeavtalar, noko som krev at små bedrifter må samarbeide for å nå fram.
Utfordringa for verksemder som leverer til oljeselskapa kan bli enda større etter at Statoil har mellom anna til Gullfaks og Statfjord, frå Fjord Base i Florø til basen på Mongstad frå sommaren 2015.

Publisert: 28.01.2014 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22