Kort fortalt

Oljestup etter Brexit

Oljen og pundet stuper etter Brexit.

24.06.2016
Oljeprisen har falla over 5 prosent etter at britane har bestemt seg for å forlate EU. Også pundet stuper.
Eit fat Nordsjø-olje kostar i åttetida fredag morgon rundt 48,30 dollar fatet, etter å ha vorev handla heilt nede på 47,60-talet.
Den norske krona har styrka seg kraftig mot pundet, men har falle mot dei fleste andre valutaer. Mellom anna har euroen vorte 2,5 prosent dyrare for nordmenn i løpet av natta.
Det går mot ein svært nervøs dag på børsen.

Publisert: 24.06.2016 08:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45