(NPK-NTB) – 2016 blir nok det vanskelegaste året. Produksjonsveksten blir svak og arbeidsløysa vil auke frå nivået vi har i dag, seier sentralbanksjef Øystein Olsen til .
Han spår at den registrerte arbeidsløysa vil toppe seg på 3,4 prosent i 2017, men peiker på at i internasjonal målestokk er det inga høg arbeidsløyse.
– Det er så godt som umogleg å unngå ein auke i arbeidsløysa i dei omstillingane som skjer. Ved massiv bruk av oljepengar kunne det kanskje vore unngått i ein kort periode. Men lågare oljepris betyr jo det motsette på lengre sikt: staten får mindre å rutte med og må derfor bruke mindre oljepengar. Derfor er ikkje meir oljepengar løysinga i det lange løp, seier han til avisa.Men til liks med statsministeren og finansministeren hevdar han å vere optimistisk på vegner av norsk økonomi.
– Vi trur det snur sommaren 2017. Då vil både eksporten og det private forbruket ta seg opp. Vi teiknar ikkje eit dystert bilete, seier han til avisa. (©NPK)

Publisert: 12.01.2016 11:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49