Kort fortalt

Omorganiserer i Vino Piemonte

Skal samle eigarskapet i eitt selskap.

12.01.2018
Alle nye investeringar i regi av Vino Piemonte skal i fremtida eigast direkte av selskapet.
Eigarane av vingardar der Vino Piemonte er medeigar blir tilbodne å gjere om aksjar i vingardane til aksjar i Vino Piemonte.
Kva som blir bytteforhaldet mellom aksjane i vingardane er førebels ikkje avklart. "Vi vil komme tilbake med detaljer og forslag når dette er klart, i begynnelsen av februar", skriv selskapet i eit brev til aksjonærane i Vino Piemonte og Vino Piemonteselskapa.
Planen er å kjøpe fleire vinmarker, både i Italia og andre land, i følgje aksjonærbrevet.
Verdien blir større om alle investeringane blir samla i eit selskap, etter selskapet si vurdering, i følgje aksjonærbrevet.
Vino Piemonte har adresse i Ålesund og er medeigar i seks selskap som eig vingardar i Italia. Vingardane blei kjøpt av Vino Piemonte som deretter har fått inn ei rekkje medeigarar, mange frå Nordvestlandet.
Vino Piomontes største eigar er Vino International, der Kjetil Blomvik, Andre Sperre og Leif Gudmund Vadset eig ein tredjepart kvar.
Vino Piomonte blei etablert i 2014 og hadde 395.000 kroner i driftsinntekter i 2016.

Publisert: 12.01.2018 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40