NPK-NTB: Industriomsetninga gjekk opp 0,6 prosent i perioden mars – mai 2019 samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal frå SSB.
Ein av hovudgrunnane til oppgangen er auka omsetning for næringsmiddel- og drikkevareindustrien, opplyser (SSB).
Auka omsetning på eksportmarknaden stod samtidig bak oppgangen. Mesteparten av veksten kom frå auka omsetning for næringsmiddel- og drikkevareindustri, i tillegg til dataindustri og elektrisk utstyrsindustri. Desse hadde ein oppgang på høvesvis 1,7 og 5,9 prosent.
Den samla veksten vart likevel dempa av ein nedgang på 12 prosent for bygging av skip og oljeplattformer. Årsaka til nedgangen i denne næringa er at det var store leveransar i førre tremånadersperiode.
Frå april til mai var det ein nedgang på 1,7 prosent for industrien samla sett, viser dei sesongjusterte tala.
Samtidig viser at norsk industriproduksjon gjekk opp 0,8 prosent i perioden mars – mai
Det var særleg høg aktivitet innan petroleumsretta leverandørindustri, som samla sett hadde ein produksjonsauke på 4,1 prosent denne tremånadersperioden.
Det var innanfor bygging av skip og oljeplattformer ein vekst på 7,8 prosent. Veksten kan knytast til høg aktivitet blant produsentar av oljeplattformer. I tillegg bidrog òg næringsgruppa dataindustri og elektrisk utstyrsindustri positivt.
(©NPK)

Publisert: 05.07.2019 11:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33