Kort fortalt

Opnar for meir laks

Oppdrettarane får ha meir fisk i sjøen om sommaren.

30.06.2016
(NPK-NTB): Mangel på laks gjer at regjeringa set i verk tiltak for å auke produksjonen for oppdrettsnæringa.
– Mangel på laks kan føre til at vi prisar oss ut av marknaden. Derfor set vi i verk tiltak som kan auke produksjonen no, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
Regjeringa ønskjer å gi oppdrettsnæringa auka fleksibilitet slik at dei kan utnytte eksisterande kapasitet betre – ved at taket for kor mykje fisk som kan stå i sjøen aukast i den beste tilvekstperioden, mot at det vert senka i resten av året. Dermed kan oppdrettaren utnytte dei naturlege temperaturvariasjonane i sjøen betre.
– Det er frivillig for oppdrettarane å takke ja til tilbodet, og det er derfor ikkje mogleg å anslå kor mykje vekst dette vil gi. Men samla vil det kunne gi vekst i prøveperioden, seier Sandberg.
Han seier tiltaket vil gi industrien auka fleksibilitet og moglegheiter til å halde produksjonen oppe gjennom vinteren, og dermed unngå permisjonar.
Ordninga vil koste 1,5 million kroner per løyve, der 80 prosent går til kommunar og fylkeskommunar, og dei resterande 20 prosentane går til staten.Ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet er det no ein miljøsituasjon som gjer ein vekst forsvarleg.
– Stadig færre anlegg går over lusegrensa, og lusenivået var lågt første halvår i år, seier Sandberg, som understrekar at den enkelte oppdrettarar også må vurdere kva som er forsvarleg drift. (©NPK)

Publisert: 30.06.2016 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45