Kort fortalt

Oppbod for spisestad i Syvde

Konkurs for Mek’s Grillhouse.

Marius Rosbach
09.08.2023

Møre og Romsdal har opna konkurs i selskapet Mek’s Grillhouse frå Vanylven-bygda Syvde.

Bakgrunnen er at leiinga melde oppbod som følgje av at selskapet ikkje er i stand til å handtere forpliktingane sine. Ifølgje rettspapira er det gjeld på kring 200.000 kroner og ingen verdiar i selskapet.

Det har vore lite omsetning i selskapet, som har stått for drifta av ein asiatisk restaurant på Syvde.

Bustyrar i saka er Thore Heggen og første skiftesamling er 25. september.

Publisert: 09.08.2023 14:44

Sist oppdatert: 09.08.2023 14:45

Mer om