(NPK): Ein studie viser at ein til no ukjent fiskeart er oppdaga i djupet utanfor kysten av Sørvest-Grønland.
Forskar og biolog Jan Yde Poulsen frå Grønlands Naturinstitut fann fisken, og har døypt han «nordleg tjukkhala blyantkrøkle», fortel videnskab.dk. Fisken er liten, avlang og har store auge.
Frå før har forskarar kjennskap til 16 artar av blyantkrøkle, men ein ny studie viser til at det er snakk om ein til no ukjent art. Sjølve funnet blei gjort då eit grønlandsk forskarskip skulle undersøkje bestanden av blåkveite i 2008.
– Normalt betraktar vi havområda ved Grønland som relativt velutforska. Men dette er eit eksempel på at det framleis er mykje vi ikkje veit om kva som gøymer seg i djupet i Nord-Atlanterhavet, seier Poulsen til videnskab.dk.
I arbeidet med å sjekke funnet oppdaga Poulsen at Zoologisk Museum i Hamburg har hatt fem eksemplar av den same fisken sidan 1982, men utan å oppdage at det var snakk om ein ny art. (©NPK)

Publisert: 21.10.2015 14:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50