Kort fortalt

Oppdaga nytt organ i fiskar

Forskarar ved Universitetet i Oslo har funne eit organ som potensielt kan revolusjonere forståinga av sjukdom i fisk.

07.11.2023

– Denne oppdaginga gjer at vi kanskje kan få nye fiskevaksinar, behandlingsmetodar og diagnostisering av sjukdom, og ei betre forståing av enkelte fiskesjukdommar. Det er viktig for oppdrettsnæringa sidan vi også finn dette nye organet i laks, seier forskaren Julien Resseguier ved UiO.

Lenge har ein gått ut frå at fiskar har eit enklare immunforsvar enn pattedyr. Resseguier har tidlegare meint at dette ikkje kan stemme. I 2008 oppdaga ein norsk forskar ein lymfestruktur i gjellene på fisk, noko Resseguier jobba vidare med.

Til slutt kunne han bruke nye metodar for å avsløre såkalla T-lymfocyttar, og fann ein stor og kompleks struktur ved samlinga av gjellebogane.

– Dette var den største strukturen vi fann. Dette organet bind alle dei andre strukturane frå gjellene saman, forklarer han.

Organet har fått namnet Neumasisk lymfoid organ.

– Dette kan vere ein «game changer» for feltet. Det er veldig overraskande at ingen fann det før no. Kanskje er det slik fordi det er ein kompleks tredimensjonal struktur som er i eit område av fisken der det er mykje ulikt vev. Det kan forklare kvifor det tok så mange år å finne han, undrar han.

Publisert: 07.11.2023 09:51

Sist oppdatert: 07.11.2023 11:42