(NPK): Fiskeridirektoratet har kome med forslag til tiltak som skal motverke negative miljøeffektar ved lakselusbehandling. Rekefiskar synest oppdrettarane burde vore straffa.
Måndag kom Fiskeridirektoratet med fire forslag for å avgrense miljøskadane som følgje av bruk av lakselusmiddel, som direktoratet meiner er så omfattande at det ikkje lenger er forsvarleg. Forbod mot å bruke legemiddel som ikkje er lovlege, og forbod mot å kombinere middel som ikkje er godkjende å bruke saman, er mellom forslaga.
– Vi har jo sagt frå i årevis at desse stoffa er farlege og tek livet av rekefelta. Men nei da, styresmaktene har heile tida sagt at dette er heilt ufarleg. Så plutseleg er det blitt giftig, seier rekefiskar Tor Inge Larsen til Dagens Næringsliv. Han meiner dei strengare regelforslaga er eit uttrykk for at direktoratet har skjønt at dei har «gjort noko gale».
– Kombinasjonsmetoden har jo vore forbode heile tida. Men i staden kjem det berre nokre nye reglar – og inga straff for alle oppdrettarane som har gjort seg skuldige i lovbrot i årevis, seier han til avisa.
Lakseoppdrettar Fredd-Jarle Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett meiner på si side at oppdrettarane ikkje har brote reglar, og oppfattar ikkje forslaga frå direktoratet som kritikk av oppdrettsnæringa. (©NPK)

Publisert: 27.01.2016 10:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48