Oppdrettarar tapte mot staten
Slepp ikkje til i Høgsterett.
(NPK-NTB): Dei 25 oppdrettarane som for to år sidan saksøkte staten etter å ha vorte pålagde å redusere produksjonen, har fått anken avvist av Høgsterett.
Anken til oppdrettarane vart ikkje tillaten fremja av Høgsteretts ankeutval. Dermed blir dommen i lagmannsretten – der staten blir frifunnen – ståande, ifølgje IntraFish.
Dei 25 lakse- og aureoppdrettarane mellom Nordhordland og Stad stemna staten etter at dei i 2020 vart pålagde å kutte produksjonen gjennom «trafikklyssystemet». Det innebar at alle selskapa i området måtte redusere matproduksjonen sin med 6 prosent.
Dei gjekk til sak for å få vedtaket oppheva.
Oppdrettarane tapte først i tingretten og gjekk deretter på eit dundrande tap i lagmannsretten, skriv IntraFish.
(©NPK)
Publisert: 25.08.2022 12:57
Sist oppdatert: 25.08.2022 12:59