(NPK): Dei fire anlegga høyrer til Lerøy Midt AS, fortel på eigen nettstad.
– Dei har hatt langvarige lakselusoverskridingar og ikkje hatt kontroll. Derfor har dei fått varsel, fortel Bjørn Røthe Knudtsen, regiondirektør i Mattilsynet.
Oppdrettsanlegga har fått varsel om halvert produksjon frå 01. januar neste år til 31. desember 2017. Mattilsynet viser til at alle som driv oppdrett må vere under eit visst lakselusnivå for å hindre smitte til andre oppdrettsanlegg og villfisk.
– Ikkje alle klarer det. Det er viktig å få luka ut desse lokalitetane fordi dei øydelegg for andre og bidreg til fleire behandlingar, auka resistens og gir dårlegare fiskehelse og fiskevelferd, seier Knudtsen.
Mattilsynet opplyser at problema med lakselus har auka på Nordmøre dei siste åra. (©NPK)

Publisert: 09.11.2015 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50