NPK: Eit fleirtal av dei spurde i norsk sjømatnæring vil ikkje ha meir oppdrett.
Det syner ei fersk meiningsmåling Norfakta har utført for
Dei som har delteke i undersøkinga er oppdrettsleiarar, fiskarar og fiskeindustriarbeidarar. 57 prosent av dei spurde seier at dei ikkje ønskjer meir oppdrett i opne anlegg i sjø i Noreg. 26 prosent av dei spurde vil ha meir oppdrett i sjøen.
Leiaren i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, er ikkje overraska over at fleirtalet seier nei til meir oppdrett.
–Eg trur det kan vere eit resultat av luseproblematikken og debatten rundt avlusingsmiddel som vi har, og korleis desse midla påverkar anna liv i havet, seier Ingebrigtsen i ein kommentar til Fiskeribladet.
Han trur òg at arealkonfliktar kan vere ein bidragsytar til resultatet.
Analytikar Ragnar Nystøyl i Kontali analyse trur ikkje undersøkinga gir eit riktig bilde.
– Første tanken som slår meg er at som ein ropar i skogen får ein svar. Ut ifrå spørsmåla og måten undersøkinga er gjort på, er eg ikkje overraska over at ein får slike svar. Eg både trur og håpar at verkelegheita er annleis enn det undersøkinga viser. Eg synest spørsmålsstillinga er såpass leiande at ein legg opp til å få ein del respondentar som er ueinige, seier han.

Publisert: 04.09.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41