Kort fortalt

Oppgang i arbeidsløysa i mars

130.000 personar stod utan jobb i mars.

02.09.2016
(NPK-NTB): Det viser nye SSB-tal. Det er 3.000 fleire enn i desember i fjor.
Dei sesongjusterte tala i arbeidskraftundersøkinga viser at arbeidsløysa gjekk opp med 3.000 personar frå desember i fjor, målt som eit gjennomsnitt av tre månadar, til mars i år. Dermed var arbeidsløysa på 4,7 prosent.
Samtidig var 10.000 færre sysselsett i mars enn ved utgangen av 2015, ei endring som er innanfor feilmarginen, men som speglar ei lita endring sidan årsskiftet 2014/2015, skriv
SSB-tala i arbeidskraftundersøkinga viser kor mange som reknar seg som arbeidsledige. Tala kan for eksempel inkludere personar som studerer eller er på tiltak. Arbeidsløysa i Noreg har vore nokså stabil sidan august i fjor, da ho låg på 4,6 prosent.
Det var på førehand venta at arbeidsløysa ville liggje på omtrent same nivå som ved førre undersøking. Prosenten som vart oppgitt i februar, vart deretter justert opp frå 4,6 til 4,7 prosent for å kontrollere for sesongvariasjonar. (©NPK)

Publisert: 02.09.2016 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46