Kort fortalt

Opprettar Maritim 21-sekretariat

Forskningsrådet etablerer fast sekretariat.  

Kristin Vidhammer
19.01.2018
Dette for å følge opp Maritim 21-strategien på forskning og utvikling. Det vil i tillegg bli oppretta ein rådgivande gruppe på 5-7 personer.
Ifølge ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet er løysinga enkel og vil ikkje føre til ekstra byråkrati. Eit fast sekretariat vil gje kontinuitet i oppfølginga av Maritim 21. Plasseringa i Norges forskningsråd vil sikre god kontakt med det maritime forskingsmiljøet, ifølgje pressemeldinga.
Sekretariatet skal rapportere til MARUT sitt Strategiske råd og arbeidsutvalet. Sekretariatet skal bli evaluert etter 2 år.
Strategien «Maritim 21» blei lagt fram hausten 2016, og inneheld ei rekke anbefalte tiltak. Digitalisering av maritim næring, samarbeid på tvers av havnæringane og klima- og miljøvennleg maritim verksemd er blant dei viktigaste områda.

Publisert: 19.01.2018 08:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40