Optimar-ordrar for 600 millionar
- Har aldri skjedd i selskapets historie.
Optimar hanka inn nye ordrar for over 600 millionar kroner i første kvartal, melder Sunnmørsposten.
– Det har aldri skjedd i selskapets historie før, at ein har hatt slike ordreinngangar på eit kvartal. Dette er eksepsjonelt for ein utstyrsleverandør til fiskeindustrien, seier avtroppande salsdirektør Peder Stette til avisa.
Selskapet som er store på utvikling og produksjon av fabrikkar til fiskebåtar og oppdrettsanlegg, satsar mot marknadene i Sør-Amerika (Peru og Chile) og Asia, både på fangst- og oppdrettssida, fortel Stette.
For å nå målet har dei mellom anna tilsett Irene V. Mjelde som Stette sin etterfølgjar som salsdirektør.
2020-resultatet til Optimar er ikkje offentleg, men vil vise eit positivt driftsresultat, ifølgje Stette.
E5/S1 Håvard Sætre og Olav Holst-Dyrnes om Internasjonalt eigarskap
Publisert: 29.03.2021 21:04
Sist oppdatert: 30.03.2021 17:21