NPK-NTB: For første gong sidan oljeprisfallet er bedriftene som er avhengige av olja meir optimistiske enn andre bedrifter, ifølgje ein konjunkturrapport frå SR-Bank.
– Den nedturen vi har vore gjennom har vore krevjande, men samtidig bidratt til å auke omstillingsevna og redusere kostnadsnivået i verksemdene, seier administrerande direktør i Sparebank 1 SR-Bank Arne Austreid ifølgje .
Han meiner næringslivet på Sør-Vestlandet har meir konkurransekraft no enn ved inngangen til 2015.
Undersøkinga omfattar 600 bedrifter i Rogaland, Hordaland og Agder-fylka. Den viser at 60 prosent av alle bedriftene ventar oppgang, blant oljebedriftene er det heile 66 prosent som ventar seg ein opptur.
Statsminister Erna Solberg (H) var til stades då rapporten vart presentert i Stavanger måndag.
– Det er teikn vi har sett i ein periode, men dette er ein sterkare beskjed. Vi ser det i heile Noreg no at oppturen er i gang, seier Solberg til .

Publisert: 04.09.2017 13:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41