Kort fortalt

Organisert kriminalitet overtek norske byggjeplassar

Bygg- og anleggsbransjen ber om hjelp frå politiet, Nav, Arbeidstilsynet, og skatt- og tolletatane for å kjempe mot organisert kriminalitet i næringa, skriv VG.

12.02.2014
(NPK-NTB): Byggjenæringa reknar med at det årleg vert brukt 64 milliardar kroner i Noreg til oppussing og 280 milliardar kroner til andre offentlege og private byggjeprosjekt.
– Veksten i denne marknaden går til dei useriøse aktørane som driv med svart arbeid og sosial dumping, fastslår administrerande direktør i BNL, Byggenæringens Landsforening, Jon Sandnes overfor VG.
Saman med direktør Kristine Beitland i Næringslivets Sikkerheitsråd er han oppteken av at kampen mot organisert arbeidsmarknadskriminalitet er eit felles ansvar.
– Kampen mot organisert arbeidsmarknadskriminalitet er den store utfordringa til samfunnet og ein alvorleg trussel mot samfunnsverdiane våre, seier Beitland. Ho kallar utviklinga der kriminelle aktørar, ofte frå utlandet, pressar dei seriøse ut av bransjen for skremmande.
– Kriminelle aktørar tilbyr tenester til langt lågare pris fordi dei ikkje betaler skatt- og avgifter, driv med falsk fakturering og ikkje minst betaler svært låge lønningar til menneske som oppheld seg ulovleg i landet.

Publisert: 12.02.2014 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21