Kort fortalt
Osteklokkesuksess til utlandet
Vil ekspandere til Island og Danmark.
21.09.2022
Ulstein-selskapet Easy Cheese har knytta til seg distributørar i Danmark og Island, skriv Vikebladet.
Dagleg leiar Håkon Engeset fortel til avisa at dei også vurderer sal i Nederland, Sverige og Finland.
Gründarane har hatt kjempesuksess etter lanseringa av den praktiske osteklokka i 2020, og snart kjem ein eigen klokke laga for greddeost.
Til no har selskapet selt kring 200.000 osteklokker og omsette i fjor for nær 20 millionar kroner.
Publisert: 21.09.2022 10:38
Sist oppdatert: 21.09.2022 10:40