Superlønnsamt sal av osteklokker
Ulstein-selskap selde kring 100.000 osteklokker i fjor – og kan legge rettstrid bak seg.
Osteklokkene til Ulsteinvik-selskapet Easy Cheese har blitt superpopulære og rekneskapet for fjoråret viser rakettvekst. Omsetninga meir enn tredobla seg frå drøyt seks millionar i 2020, til
nær 20 millionar i fjor.
Det var selskapet sitt første heile driftsår - og som venta, ut frå det marknadssjef og medeigar Halvdan Engeset fortalde til NETT NO i fjor sommar.
Salet har også vist seg å vere svært lønnsamt og resultatet før skatt i fjor var på 5,1 millionar. Det er ein resultatmargin på heile 25 prosent (sjå tabell under).
Frifunne i rettsstrid
I årsrapporten for 2021 omtalar også selskapet ein rettstvist om ein
distribusjonsavtale for klokkene. Easy Cheese blei tidlegare i år
frifunne på alle punkt og dommen er no rettskraftig, skriv leiinga.
Gründerane som lanserte klokkene for sal i 2020, trudde at det var i vanlege fysiske butikkar salet først og fremst skulle skje.
Slik gjekk det ikkje og det har vist seg at netthandel var den klart viktigaste salskanalen. Easy Cheese sysselsette 2,5 årsverk i fjor.
Easy Cheese |
|||
Årsresultat (i mill kr) |
2021 |
2020 |
|
Driftsinntekter |
19,9 |
6,3 |
|
Driftsresultat |
5,1 |
2,4 |
|
Resultat før skatt |
5,1 |
3,2 |
Les også
Fire eigarar
Easy Cheese har fire eigarar, dagleg leiar Håkon Engeset (45 prosent), marknadssjef Halvdan Engeset (10 prosent) og logistikk- og kommunikasjonsansvarleg Lise Marita Sande (10 prosent).
Håkon og Halvdan er brør. Deira far, Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset er 35 prosent eigar gjennom selskapet Dionysos.
Hovudkontoret ligg i Ulsteinvik, osteklokkene blir produsert hos Erik Hoel as på Hurumlandet og blir pakka og distribuert frå Haskoll Arbeidssenter i Lier.
Publisert: 05.07.2022 15:27
Sist oppdatert: 05.07.2022 18:40