Kort fortalt

Over 37.000 laks døydde i Volda-anlegg

Fiskesjukdomen pasteurellose er årsaka.

06.01.2025

Over 37.000 laks døydde i Måsøval sitt anlegg ved Kvangardsnes i Volda i november og desember i fjor, ifølgje rapportar frå Mattilsynet. 

Det skriv Sunnmørsposten

Fiskedøden skjedde i midten av november og mellom 2- og 15. desember. 

Selskapet har også hatt problem med for mykje lus og fleire gonger i løpet av hausten er det rapportert lusemengder over det tillate. 

Måsøval hadde frist til 6. januar med å få ned lusemengda, for å unngå tvangsmulkt. Det opplyser produksjonssjef Harry Osvald Hansen at dei har klart. 

– Det er sett i verk naudsynte tiltak, og selskapet har kontroll på anlegget, både når det gjeld sjukdom og lusemengde. Det er slakta ut fisk i ei merd, men elles er det normal drift, seier Hansen til avisa. 

Publisert: 06.01.2025 19:58

Sist oppdatert: 06.01.2025 19:58

Mer om