Andelen deltidsjobbar har halde seg stabil på rundt 35 prosent dei siste åra. Kvinner jobbar nesten dobbelt så mykje deltid som menn, ifølgje SSB.
1,1 million jobbar var deltidsjobbar i fjerde kvartal 2023 og utgjorde 35 prosent av alle jobbar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Førekomsten av deltidsjobbar er hyppigare blant yngre, kvinner, mellombelse stillingar, innvandrarar, sals- og serviceyrke, og stig med søkkande utdanningsnivå, seier seniorrådgivar Stine Bakke.
Den gjennomsnittlege stillingsprosenten for alle deltidsjobbar var på rett under 38 prosent. Av alle lønnstakarar jobba i overkant av 777.000 personar berre deltid, medan 1,9 millionar jobbar berre heiltid.
– Dei færraste med deltidsjobb har fleire jobbar. 80 prosent har berre éin deltidsjobb, seier Bakke.
Den høgaste andelen deltidsarbeid finn vi innan helse- og sosialtenester med 32 prosent. Deretter følgjer overnatting og servering (31 prosent) og personleg tenesteyting (25 prosent).
Publisert: 02.12.2024 11:47
Sist oppdatert: 02.12.2024 11:47