NPK: Før påska fekk alle tilsette i Salmar eit påskeegg med eit gåvekort på 3.000 kroner. Beskjeden var klar, bruk gåvekortet i lokalsamfunnet ditt.
Fredag fekk 1.700 tilsette i 35 kommunar eit påskeegg frå arbeidsplassen Salmar. Blant det vanlege påskeegginnhaldet låg eit gåvekort på 3.000 kroner, skriv TV2.
Med gåvekortet følgde ein klar beskjed: - Vi forventar at du skal bruke pengane til kjøp av varer og tenester i ditt lokalsamfunn, til bedrifter som kanskje no går glipp av viktige kroner dei elles ville fått i påsketida.
– Vi ønskjer å hjelpe til med å halde hjula i gang i eit skadeskote lokalt næringsliv, seier konserndirektør i Salmar, Frode Arntzen, til TV2.

Publisert: 06.04.2020 12:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28