(NPK-NTB): Frå årsskiftet må alle dokument i sivile rettssaker vere digitale.
Stortinget vedtek fredag at alle aktørane i retten må nytte ein digital portal for sakspapir og saksførebuande papir.
Stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H) meiner tiltaket vil spare domstolane for rundt 20 millionar kroner, men at dei samfunnsøkonomiske gevinstane blir endå større.
– Advokatar har ofte med seg fleire trillekoffertar med dokument til sjølv små rettssaker. Dette er utdatert, kostar pengar, og tek unødvendig tid for både dommarane og partane, seier Frølich.

Publisert: 16.12.2016 08:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43