Det er havområda Norskerenna sør, Frøyabanken Nord og Trænabanken som blir tilrådde til havbruk, ifølgje ein rapport frå Fiskeridirektoratet som er bestilt av Nærings- og fiskeridepartementet.
Direktoratet vart bede om å peike ut tre område for havbruk til havs, fortrinnsvis eit område sør, eit midt, og eit nord i landet.
I 2019 fann dei at elleve område kan vere eigna for havbruk til havs.
Havbruk er oppdrett og dyrking av alle slags organismar i vatn.
Havbruk til havs definerast som område som ligg mellom 1 nautisk mil frå grunnlinja og 200 nautiske mil frå Fastlands-Noreg.
(©NPK)
Publisert: 15.07.2022 16:02
Sist oppdatert: 15.07.2022 16:03