(NPK-NTB): 41 prosent er meir forsiktige med pengebruken enn for eitt år sidan, ifølgje ei undersøking Opinion har utført for KLP.
– Undersøkinga kan tyde på at ein del nordmenn er uroa over utviklinga i arbeidsmarknaden, stigande arbeidsløyse og førebur seg på dårlegare tider i norsk økonomi, seier KLP Bankens administrerande direktør Leif Magne Andersen.
Det er særleg unge som er blitt meir forsiktige. I aldersgruppene 18– 29 og 30– 39 år svarer høvesvis 55 og 43 prosent at dei har blitt meir forsiktige. Blant folk over 50 år, svarar berre 35 prosent at dei er blitt meir forsiktige.
– Kraftig oljeprisfall har bidrege til massive oppseiingar i oljebransjen, og det er derfor ein naturleg konsekvens at mange nordmenn reduserer noko på forbruket, seier Andersen. (©NPK)

Publisert: 21.12.2015 09:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49